Beredskap

BEREDSKAPSØVINGAR VASSFORSYNING


DIHVA IKS tilbyr alle medlemskommunane bistand/hjelp til å utarbeide ROS/beredskapsplanar samt å gjennomføre beredskapsøvingar i vassforsyninga slik § 11 i Drikkevassforskrifta sett krav om.


Bakgrunn

I Drikkevassforskrifta §11 gir vassverkseigarar (kommunane/herada/VA verksemder) pålegg om utarbeiding av både beredskapsplanar og at organisasjonen skal vere «øvd» dvs. ha gjennomført beredskapsøvingar. Kommunane/herada/VA verksemdene må difor ta tak i denne utfordringa.

Bistand frå DIHVA IKS i høve til Beredskap på vassforsyninga. DIHVA IKS kan bistå medlemskommunane med ROS analysar og utarbeiding av beredskapsplanar. Gjennomgang av hovudplanar, beredskapsplanar og leidningskart dannar grunnlaget for sjølve beredskapsøvinga. Øvinga vil såleis vere tilpassa kvar einskild kommune. På sjølve øvingsdagen stiller DIHVA med 3 personar, øvingsleiar, logførar og spelestab. Så langt i 2014 og 2015 har vi gjennomført 8 øvingar etter denne modellen.


Forenkla beredskapsøving

Etter nærare avtale kan DIHVA og bistå med gjennomføring av forenkla beredskapsøving. Vi vil då ta utgangspunkt i meir generelle problemstillingar slik som brann, terrorhandlingar, straumstans etc. Øvingane vil i mindre grad vere tilpassa den einskilde kommune. DIHVA vil stille med 1 -2 personar på sjølve øvingsdagen.


Avslutning

For 2016 er det sålangt konkrete planar for ei øving. Om din kommune ynskjer bistand både til å få gjennomført beredskapsøving, men og om kommunen treng hjelp i høve til ROS/beredskap i vassforsyninga, er det berre å ta kontakt.

Dersom den omtala forenkla beredskapsøvinga er meir aktuell i dykkar kommune, er det flott om vi får ei tilbakemelding på dette.


Tobias Dahle
Teknisk sjef