Fagdager prosjektgjennomføring 19.-20. november 2019

Kl. 9:00 - 15:30 på Svartediket Vannbehandlingsanlegg, Stemmeveien 41, Bergen

Praktisk gjennomgang av aktuelle standardar ved prosjektgjennomføring-

Fagdagar på Svartediket Vannbehandlingsanlegg i Bergen

DIHVA IKS vil med dette invitere til fagdagar der temaet er praktisk gjennomgang av aktuelle standardar ved prosjektgjennomføring. Tidspunktet er dagane 19 og 20 november kl 09.00 til 15.30.

Bakgrunn og Fagleg opplegg

Med dette blir det invitert til fagdagar om prosjektgjennomføring. Gjennomgang av aktuelle standardar er sentralt. Det same gjeld byggeleiarrolla og byggherreforskrifta.

Innhaldet på fagdagane er slik;

Dag 1: Kontraktstandardane.

- Kontraktstrategi.

- Ulike entrepriseformar

- Forskjell og likheiter mellom standardane, spesielt 8405-8406, men også 8407.

- Økonomioppfølgjing entreprisar, ulike verktøy.

- Administrative bestemmelsar

- Grensesnitt beskrivelse (NS3420) - og kontraktstandardane.

- Rådgjevarstandardane.(NS 8401 og NS 8402)

Dag 2: Prosjekt og byggeleiing

- Organisering og gjennomføring av VA- anlegg.

- Medverknad av byggeleiar under planlegginga

- Oppfølging i byggetida. Kontrollplanar og sjekklistar ved gjennomføringa for byggeleiar.

- Anleggstekniske løysingar for VA-anlegg, massedisponering, forureina grunn.

Byggherreforskrifta. SHA - planar. Koordinator prosjektering (KP) og koordinator utføring (KU)

Fagleg ansvarleg for desse fagdagane er Helge Midthun. Han er ingeniør med lang og brei erfaring på dette området. Han har og m.a. vore leigd inn av Norsk Rørsenter til å halde slike kurs gjennom mange år.

Kvar deltakar blir oppmoda om å ha med sine eigne utgåver av dokumenta NS 8401, 8402, 8405, 8406 og 8407) samt eigen datamaskin.

Nærare om fagdagane

Det er mogleg å delta på 1 eller begge dagane. Kursavgifta er sett til kr 3000,- pr. dag eller kr 5000,- for begge dagane.

Desse prisane inkluderer lunsj og pausemat.

Det blir lagt opp til felles middag 19. november om kvelden etter nærare avtale. Gi beskjed ved påmelding om du/de ønskjer å delta på dette.

Vi har og reservert rom på Hotell Zander K, oppgi reservasjons nr. 4245611. Romma er reservert fram til 19. oktober .


Romma kan bare bestillast per telefon: 55 362040 eller på e-post:

booking@zanderk.no

Påmelding til sjølve arrangementet skal gjerast til DIHVA v / Bente Nilsen (bente@dihva.no) snarast og seinast 10. november 2019

Avslutting

Eg håper desse fagdagane er av interesse for dykkar kommune/verksemd. Eventuell påmelding skal sendast til Bente Nilsen (bente@dihva.no) i DIHVA IKS.