Kurs i forsyningsforskrifta 2. april 2019

Grand Hotel Terminus, Zander Kaaes gate 6, Bergen

Praktisk bruk av forsyningsforskrifta i VA sektoren-

dagsseminar på Hotel Terminus i Bergen

2. april kl 09.30 - 15.30

VA sektoren er underlagt offentleg innkjøpsregelverk. I all hovudsak er det forsyningsforskrifta som gjeld, berre separate avløpsverksemder skal følgje den klassiske anskaffingsforskrifta.

Mange kommunar opplever det som krevjande å få gjennomført innkjøp av rådgjevingstenester og/eller entreprenørtenester

På seminaret 2 april vil vi fokusere på;

  • Terskelverdiar - bruk av Doffin eller til utvalde tilbydarar
  • Problemstillingar knytt til samansette prosjekt VA og ved
  • Bruk av ulike tildelingskriteriar, evalueringsmodellar og plikta til å grunngje
  • Bruk av skjønn ved tildeling av kontrakt og grensene for dette
  • Handtering av klage på avgjerd
  • Praktiske eksempel vil i stor grad bli brukt for å syne regelverket i bruk
Fagleg ansvarleg for kurset vil vere Ole Henrik Fjeld frå firmaet Innkjøpskontoret as. Han har allsidig bakgrunn og har arbeidd med offentlege innkjøp ei rekke år.

Deltakaravgifta er sett til kroner 2000,- lunsj er då inkludert.

Påmelding skal gjerast til Bente Helen Nilsen( e-post) bente@dihva.no /tlf 99274247)